HMS / Kvalitet

Magne Hafstad AS nyttar maskinentreprenørenes forbund sitt IK / HMS system. Systemet er nettbasert og inneheld sjekklister og prosedyrar for alle relevante arbeidsopperasjonar innan anleggsarbeid. Alle tilsette nyttar smart-telefon for føring av sjekklister og innsending av dokumentasjon på utført arbeid.

Magne Hafstad AS har høgste fokus på sikkerhet og har som mål å ikkje ha uhell. Alle våre medarbeidarar har til ei kvar tid med seg blokk med RUH (rapport om uønska hending). Ved uønska hending fyller dei ut skjema og leverer til overordna. Rapportane vert behandla og tiltak vert gjort for å sikkre at uhell uteblir.

Magne Hafstad AS har 2 stk. stikkarar som kontrollerar alle aktuelle arbeidsopperasjonar. Vidare nyttar vi GPS – maskinstyring på gravemaskiner for å sikkre deg som kunde at alt arbeid vert utført i henhold til teikningar og stikkingsdata.

Frå første dag har hovudmålet vårt vore å levere feilfrie produkt til rett pris og ikkje minst til rett tid. Vi har nokre av bransjens dyktigaste fagfolk, moderne maskinpark og internkontrollsystem som ser til alt vert utført i henhold til gjeldande lover og reglar. Dette sikkrar deg som kunde at jobben vert utført på ein mest mogeleg effektiv og miljøvenleg måte.

Aktsomhetsvurdering etter åpenhetsloven

Aktivitets- og redegjørelsesplikt for arbeidsgivere