Maskinentreprenør Magne Hafstad AS har sentralt godkjening og held til i Førde kommune, Sogn og Fjordane. Firmaet blei etablert sommaren 1979 som eit personleg selskap, og seinare i 1995 vart firmaet omdanna til aksjeselskap. Sidan byrjinga i 1979 har vi vakse oss fram til eit firma med 30 tilsette med ein årleg omsetnad på ca. 40 millionar kroner. Dette gjer Magne Hafstad A.S til Sogn og Fjordanes største maskinentrepreør. Dei største kundane våre er Gravdal Bygg AS, Statens vegvesen, Førde kommune, Førde tomteselskap, Gaular Kommune, Mesta, Veidekke samt ei rekke byggentreprenørar. Frå første dag har hovudmålet vårt vore å levere feilfrie produkt til rett pris og ikkje minst til rett tid. Vi har nokre av bransjens dyktigaste fagfolk samt eit omfattande internkontrollsystem som ser til at alt vert utført i samhøve med gjeldande lover og reglar. Dette samt at utstyret vårt er nytt og moderne, sikrar deg som kunde at jobben vert utført på ein mest mogeleg effektiv og miljøvenleg måte. Maskinentreprenør Magne Hafstad AS er godkjent som opplæringsbedrift og er såleis medlem i OKAB (Opplæringskontoret for anleggs og bergverkfaga). Dette gjer vi for å vere med å sikre rekruteringa til bransjen. Vi er også medlem av MEF (Maskinentreprenørenes forbund) og NLF (Norges lastebileier forbund). Dagleg leiar Magne Hafstad har sentrale verv i styra til MEF og NLF.
Produkt og tenester:
- Graving
- Boring - Sprenging
- Pigging
- Rivingsarbeid
- Transport
- Masseforflytting
- Sandtak
- Natursteinsmuring
- Plastring
- Nydyrking
- Snøyrydding
- Sandtak
- Røyrlegging (2 tilsette har ADK-1 sertifikat)
- Kjerneboring
- Landmåling - Stikking - MasseberekningMagne Hafstad Eigendom A.S:
Magne Hafstad Eigedom A.S eig og leiger ut eit forretningsbygg på 3200 m2, bygget ligg på Hafstad i Førde Kommune. Bygget vert leigd ut til Biltreff AS og YIT.