Om oss

Magne Hafstad AS har sentral godkjenning og held til i Førde i Sogn og fjordane. Firmaet vart etablert sommaren 1979 som eit personleg selskap, i 1995 var selskapet omdanna til aksjeselskap. Frå starten har vi vakse oss fram til eit firma med 37 dyktige fagfolk og ei omsettnad på ca. 75 mill. Dette gjer oss til Sogn og fjordane sin største maskinentreprenør. Dei største kundane våre er Statens vegvesen, Førde kommune, Førde tomteselskap, Gravdal Gruppa, Mesta og Gaular kommune.

Frå første dag har hovudmålet vårt vore å levere feilfrie produkt til rett pris og ikkje minst til rett tid. Vi har nokre av bransjens dyktigaste fagfolk, moderne maskinpark og internkontrollsystem som ser til alt vert utført i henhold til gjeldande lover og reglar. Dette sikkrar deg som kunde at jobben vert utført på ein mest mogeleg effektiv og miljøvenleg måte.

Vi er godkjent som opplæringsbedrift. Vi har til ei kvar tid mellom 1 – 3 lærlingar. Dette gjer at vi er med å sikre rekruteringa av dyktige norske fagfolk til bransjen. Vi er også medlem av Maskinentreprenørenes forbund og Norges lastebileier forbund.

Vi har eige sandtak på Vie i Førde der vi tek ut natursand. I pukkverket på Hafstad tek vi ut fjell.

Vi utfører alt innan anleggsarbeid!